onsdag 25. november 2009

Carried Away - oppgåve KD1B, HiO 09

Gravstøtte - collage til framside.

onsdag 18. november 2009

Utfordring ein novemberdag

Jau, no har eg fått ein aldri så liten utfordring av Karoline (og jo, det er fleire enn Frank som les den) som eg tenkte å ta. Eg har vel ein god del ting å gjere, men er så ufatteleg langt vekke frå motivasjonsstadium at eg heller sit på Internett dagen lang, og då er slike ting kjekke.

Utfordringen frå Karoline:


1. Skriv 10 ting om deg sjølv
2. Legg ut eit bilete som er eit av dine beste minne, fortell om det
3. Og eit bilete du ikkje likar
4. Så utfordrar du 5 til.

PS: den siste hoppar eg litt over..

1. Heiter Brit Kristin og er oppkalla etter Berit & Kristian (vanskeleg å finne namn der, gitt)
2. Bur for tida i Oslo der eg studerar Kunst & Design årsstudium ved Høgskulen
3. Som liten var eg A-menneske, men har drastisk blitt til både B- og C-menneske
4. Har to eldre brødre som har to ungar kvar, inntil nyleg, for no har den yngste broren fått unge nr. 3. Herleg familie og er med andre ord tante til fem nydelege ungar.
5. Har ei oppgåve og har hatt tilsaman 7 veker på den, no er det att kun ei veke og eg har ikkje komme i gong. Nok ein gong er ikkje dette sjokkerande til å vere meg, som sagt, C-menneske!
6. Eg kan ærleg innrømme at eg prøver å lage eit effektivt system der eg følgjer planane mine til punkt og prikke. Det endar opp med at eg berre bryt planane og slappar av i staden. Bevisst vel og merke.
7. Er utruleg glad i å sove, dvs: sove på buss, sove om natta, sove om dagen, sove når eg ikkje bør og skal sove.. Så søv eg, ikkje vekk meg med mindre det hastar.
8. Kvardagen hadde vore vanskeleg om eg ikkje hadde hatt ein ting; Coca Cola (og såklart venner og div. sånne ting som eg set stor pris på)..
9. Glad i fotografering og blir like irritert kvar gong eg må slette bilete på kameraet eller dataen (ja, mac'en min er full no!) for det er for mange. Og då er det snakk om overglad i fotografering. Kan ta 20 bilete av samme gjenstand i forskjellige lys og vinklar.
10. Er som regelt snill og grei, men åtvarar dykk alle: ikkje start ein diskusjon med meg, og det er nokre ting som gjer meg ytterst irritert, men skal ikkje fortelje om det her og no.


Eit av mine beste minner; problemet er at eg har så ufatteleg mange gode minner. Dette er frå ein vakker solskinsdag med mine nære vener; Sunniva, Tara og Vanje (Eva-Marie er inkludert der òg, men ho var på jobb diverre). Eg skal ikkje legge skjul på at den staden eg trivst aller best og har hatt dei aller beste minna er på Skjolden, og då å komme attende på ein fin dag som dette der me slappa heilt av, grilla, bada og fekk brunfarge er då blant dei beste!

Og eit bilete eg er mindre glad i...
D
ette uheldige bilete blei teke på hotellet vårt på Ayia Napa, hausten 08. Eit bilete som igrunn skulle vere idyllisk (hallo, palme er jo så fine og skal mykje til for å øydelegge), men blei det motsatte. Eg skuldar på vinklinga av kamera og armen min. Feit, kraftig arm som burde vore gøymt under ein gensar, men turen var utruleg god og så mange gode minner der i frå òg!


Til sist: Johanne, les du denne så er denne utfordringa til deg!

onsdag 11. november 2009

Mett? Plass til litt til...

Av og til er det lov med dyr frukost. Hadde besøk av Marit og skal ikkje seie nei til folk som ber deg ut på eit måltid. Biletet ovanfor og nedanfor er frå ein kafé i Parkveien (2 min. gange frå leiligheten).Her ser du Sandwich og kyllingwraps.

Ein litt billegare utgave; Baguettane frå BIT i Oslo er fantastiske! Og for fyste gong sler eg til og pyntar med blomster oppå maten min. Her: Kyckling och curry (som dei svenske, koselege jentene bak kassa seier).
Den desidert billigaste; pota. Steikte poter med mykje rapsolje, kverna pepper og salt var måltidet mitt i heile 7 måltid på rad. Total sum for poter: 22.00,- og det er ikkje mykje! Godt er det òg.

tirsdag 3. november 2009

Ny månad - nye bilete

Sidan sist har eg gått glipp av noko og fått med meg noko. I heile haust har eg sett fram til Bønder-i-Byen-festivalen der The Generous Days skulle spele her i Oslo no denne helga, men frå glede til skuffelse - 20 årsgrense! For å ikkje øydelegge meg heilt reiste eg heller til Elverum for å vitje Anja. Halloweenparty, Sogndalskamp og busskøyring stod på timeplanen, og dette var gøyalt alt av dette, i tillegg til å sovne på ein mann sine skuldrar på bussen. Etter lang køyretur og sein natt gjorde eg det som eg har blitt veldig flink til; forsove meg i 3 timar når eg eigentleg skulle vore på skulen og presentert ei fotooppgåve. Dette var sjølvsagt ikkje obligatorisk og gjorde ingenting (heldigvis), men her er litt av resultata i alle fall:




tirsdag 27. oktober 2009

Pokerface

Denne helga tok eg turen til Lillehammar for å besøke Jannis og Aleksander. Var ein tur på Bingo'n med Jannis, Peppes og var vitne til FIFA-kampar, koseleg det altså. Deretter gjekk turen viare til Aleksander som hadde både små og store kort å tilby, så då blei det poker og enda meir Peppes. Og for dei so lure (mamma), Peppes e Peppes Pizza. Var på Peppes totalt 3 vende på 3 dagar, kan òg kallast ein rekord. Har ikkje blitt god i poker, det trur eg Aleksander kan skrive under på, men kjenne at det er eit spel eg verkeleg burde kunne, og er jo ikkje for seint å oppnå nyttårsforsettet mitt for 2009. I tillegg til dette klarde eg å få med meg Aleksander på å sjå Twilight. Resultatet vart vel at han blei skuffa, men shit au, eg fekk no sjå eg. Såg òg Snatch frå 2000, Brad Pitt og mange gode skodespelarar, og for ein fantastisk film!


onsdag 21. oktober 2009

71° nord - i Luster!

No måndag 19. oktober blei det sendt eit koseleg program på TV-skjermen, nemleg 71° nord TVNorge. Og denne episoden var ikkje som alle andre episodar, for no var deltakarane på Skjolden! Og ikkje berre der, men i Leirdalen, og ikkje berre der heller, også på Nes. Medan eg sat klistra til fjernsynsskjermen var òg kameraet aktivt og tok bilete frå det fine landskapet. Nyt synet, og fekk du ikkje sjå det no måndag so går det reprise søndag 25. oktober på TVNorge, 18.40 (trur eg). Dei naturbileta du ser her er frå Skjolden og bilete nr. 2 er frå Leirdøla Kraftverk der dei skulle pusle saman kommunevåpenet til Luster Kommune.

Alle bilete er teke rett av skjermen på TVNorge

tirsdag 20. oktober 2009

Haust = kulde

Ludvig: -Her var det kaldt
Gurin: -Sikkert 40 kuldegrader
Ludvig: -Je mener sånn kulde som er inni
Gurin: -Mhm

Hausten har komme her i Oslo og eg er overbevist om at det er kuldegrader. Det vil nok seie at det er rundt 3-4 varmegrader, noko som framleis er kaldt. På med hue og ullundertøy, samt Mariusgensaren. Diverre er Selbuvottane i Luster (mamma: vær snill og send evt. ta med når du kjem).

Laurdagsaktivitet i Tigerstaden

Medan dei fleste sit og storkosar seg på laurdagskveldar er eg og mine medstudentar flittige og brukar tida på ja, stofftrykking. Og trudde du eg var ferdig med å legge ut bilete, så tek du grundig feil. Har store fritidsproblem her og gjere det meste for å fylle dagane, dvs. TV-sjåing, bildegreier og ete mat. Og det fotografiet oppe til høgre er av nokre føter som er mala oppi taket på stofftrykkjarverkstaden, herleg!


søndag 18. oktober 2009

Idéar..

...lagra i ei bok. Forresten, mormor er 87 i dag. Hurra, hurra, hurra :)

fredag 16. oktober 2009

Stofftrykking 2

Kanskje unødvendig, men dette er i alle fall dei rammene me brukar til stofftrykking. Her ei ramme med ein duk på, emulsjon (det blåturkise) og motivet mitt.

Arkitektur i kystbyen

Florø har mykje å tilby, bl.a eit heilt nytt byggefelt oppe i Botnaholten der det er nybygde, vakre hus. Nederst kjem litt av kvart.. Broderens store stoltheit og bilen som no er vraka (den totallilla Nissan'en)

torsdag 15. oktober 2009

Tur-/Retur Florø, og Førde

8. oktober, sjølve datoen til Elena, tok eg eit minifly til Sogn & Fjordane sin store og stolte by, nemleg Florø. Ein særs interessant flytur og stoggeplass på Gardemoen. Fyste gong aleine på flyplass so tenkte eg burde komme dit i god tid, 3 timar i god tid. Starta med trikken, trikken som var for sein, deretter flytoget, kjøpte feil billett (fekk heldigvis att peng, men det gjorde at eg ikkje kom meg inn på Gardemoen), fekk bytte, kom meg inn.. Ja, deretter var d å finne innsjekking, og DAT (Danish Air Transport e.l.) brukar utruleg lita skrift, så vetle meg med dårleg syn måtte traske rundt om, ta ein telefon til ein mindre hyggeleg bror og finne innsjekking. Fann til slutt den (rett framfor nasen såklart) og kom igjennom kontrollen utan problem og der stod eg innanfor, to og ein halv time å slå i hjel. Monolitten var etestaden, tacoburgar var maten, 92 var nummeret og skulle ta max eit kvarter.. Etter 40 min spurde eg så snilt etter maten, og dei hadde glømt an! Skamma seg, men fekk då gratis mat (kjøttkake og pote med masse brun saus) og fekk att pengane eg hadde brukt, snakk om heilsparing! Kanskje nok om Gardemoen no, for no kom eg på flyet, og for ei jente som ikkje e serle glad i å fly vakje detta noko kosle. Va turbulens store dele av turen, problem med landing, måtte fly nokre rundar (ein runde) og deretter lande på skrå. Vel, fekk gratis Vestlandslefse så då e d verdt alt!

Kom heim til brodern + familien med eit stort smil, og eit enda større møtte meg. Elena sto opp midt på natta for å helse på tante BK :) Dagen etter (fredag 9.
okt.) var det duka for familieselskap, kake, cola og meir kake, noko eg set pris på. Elena koste seg med gåver, Joakim med brus og resten av folket med kake og kaffi. Ein kosleg kveld rett og slett.
Laurdagen tok me turen til Førde for å besøke pappa medan han fekk antibiotika e.l. intravenøst, noko som ser ytterst ubehageleg ut. I tillegg la eg merke til kva fargar som er i kvar etasje i Førde, men manglar ein, så treng hjelp der!
Eg noterar:

1. etasje: (stygg) gul
2. etasje: brun
3. etasje: grå/kvit (såg ut som eit normalt sjukehus)
4. etasje: UVISST, treng hjelp her
5. etasje: raud

6. etasje: grøn
7. etasje: orange
8. etasje: blå
Derfor, korrekt meg om feil, og gjerne kom med bilete eller noko om de føler for det!
Etterpå var det Peppes, herleg Peppes med ein ny variant før me tok turen heim, åt meir kake, slappa av, såg "Skal Vi Danse" og avslutta kvelden med "Twilight". Sjokkerande for dei fleste, metallbror likte filmen, ville ikkje innrømme d, men søsken klare å lese sånt.
Jannicke skjønte ikkje korleis me småjenter blir så begeistra for Edward, men hallo, det seier seg sjølv..! Hoho!

Søndagen var det middag, familiekos og flytur heim (som gjekk meget bra). Ein finfin tur og Elena fekk Hannah Montana sesong 1, noko som fyller tida ekstremt godt.



PEACE (måtte berre prøve ut)

torsdag 8. oktober 2009

Stofftrykking

Ja, no har me i dei to siste vekene dreve på med stofftrykking. Kjennes ut som ei heil ny verd har opna seg av moglegheiter innanfor tekstil.

Dette er t-skjurta mi med motiv frå Store Skagastølstind, ei ørn og sangen "Free Bird"

T-skjurte, pologensar til høgre og eit lite tøystykke øvst som skal rammast inn


FRAMGANGSMÅTE:
1: Finne eit motiv. Her kunne me finne eit bilete, lage ein collage eller kva som helst, gjere det om i svart/kvitt på Photoshop e.l. og printe dette motivet ut på eit transparant ark.
2: Me fekk kjøpt ramme på stofftrykkjarkurset. Ramma består av ja, ei ramme og med ein "duk".
3: La på emulsjon, ein turkisliknande væske som me "sparkla" på duken, og når dette vart gjort måtte ramma vere isolert frå lys. Me la ramma inn i eit skap, for dette fungerar som eit mørkerom; kjem det lys til øydlegg det filmen.
4: Når emulsjonen hadde turka la me transparanten/motivet på duken/ramma og gjekk inn i lysrommet, lyste motivet på i 3,5 min. Dette måtte skje fort, for kom det for mykje lys til ville jo duken verte øydelagt.
5: Etter 3,5 min. var det berre å vaske, skrubbe og alt ein kunne gjere for å få fram sjølve motivet i ramma (dette er usynleg medan ein lyser på motivet og etterpå, difor skrubbing/vasking).
6: La ramma turke litt, men ellers klar til bruk.

Dette er jo såklart ein enkel utgåve av korleis det blir gjort, men er hovudsakeleg dette det går ut på. Alt i alt tek det litt tid å lage til trykk og om ein skal lage ramma og spenne fast duken vil dette ta nokre timar, men verdt pengane og slitet! Eg har berre brukt tekstilmaling, men det går an å trykke på papir, tre, metall og ja, tekstile materialar. Ein kan òg bruke glitter, hevelse og mange effektar.

Og no var det berre til å legge maling i ramma, stryke den over duken og vips var motivet på tøystykket. Og ja, såklart må ein ha noko å trykke på, og her brukte eg ei t-skjurte, ein pologensar og nokre tøystykker.

lørdag 3. oktober 2009

Betong - Chateau Neuf, Oslo

2. oktober 2009:
Vreid, The Batallion, Iskald & Emancer

Ein kosleg kveld på Betong, var så heldig å få med meg ei Vreid t-skjurte og mange fine bilde heim.

I staden for å skrive det i ord velgjer eg heller å leggje ut bilete, alle veit at bilete har meir enn tusen ord..