Dette vert, faktisk, ein fungerande blogg i dei neste to vekene under opphaldet her i Australia. Stort sett for å oppdatere deg, mamma. Bilete kjem etter kvart som eg gidd å legge dei inn. Byrjar frå byrjinga. Fredag 3. desember stakk eg frå leilegheita i Oslo i 13-tida, kom på Gardemoen kl 14. og like etterpå sat eg meg på ein restaurant. Kvifor spare peng når ein kan bruka dei på restaurantar med ein gong? Kon-Tiki var restauranten og skypa med Sunni før eg gjekk til gate og inn på flyet. Der starta den laaange reisa til andre sida av jordkloden + litt lenger. PS: dette er den detaljerte og lange versjonen, og treng du kortversjonen les du berre overskriftene.
DEN DETALJERTE REISEPLANEN
Avreise fredag 3. desember 2010.
Telavåggata - Jernbanetorget, trikk 17: 8 minutt
Jernbanetorget - Oslo S/Flytoget, normal gange, 3 minutt
Oslo S - Oslo Lufthavn Gardemoen, tog, 20 minutt
(igjen, mamma, dette er nok kun for di interesse...)
Flygning nummer 1, 3. desember, SAS: Oslo Lufthavn 16.40 - Frankfurt 18.30 (lokal tid).. Fyrste fly tok 1 time og 50 minutt, og sov like lenge. Kom til Frankfurt 18.30 og du og du for ein stor flyplass. Ein liten togtur unda låg terminalen eg skulle på, og med snille tyskarar kom eg meg dit etter ei stund. Livredd var eg og stressa med å rekke alt, for virka på det tidspunktet at det var store avstandar og ting tok tid. Brått var eg kommen i gjennom innsjekking og kontroll, og hadde 2 timar rådigheit til å gjere ingenting. Burger King blei stoppestaden min, tross store kommunikasjonsproblem med personalet som ikkje forstod når eg bestilte på engelsk. Burde nok ha teke i bruk tysken eg lærde på ungdomsskulen, men det er jo år og dag sidan. "Große Pommes, big nuggets and majonese dip..."
Flygning nummer 2, 3-4 desember, Qantas Airlines: Frankfurt 23.20 - Singapore 18.40 (lokal tid)...
Ein forferdeleg lang tur. 11 timar og 20 minutt på eit fly er reine torturen, og i alle fall med turbulens og ein ikkje så god mage etter opphaldet på Burger King. Eg fraus, eg var glovarm, men Mariusgensaren og ullsokkane gjorde susen. Simpsons og dokumentarar om kjendisverden haldt meg vaken i periodar. Sidan det er eit lite stykke frå Frankfurt til Sydney var det logisk med ein liten pause i form for fylling av drivstoff og ymse, og denne tekniske mellomlandinga var altså i Singapore, ein stad eg lenge har hatt store draumar om å reise. No fekk eg jo vere der i heile 55 minutt, og det var stas! Drepande varme og ullsokkane og gensaren min var i det tjukkaste laget, men hadde ikkje plass i handbagasjen, så dei måtte bli verande på.
Flygning nummer 3, 4-5 desember, Qantas Airlines: Singapore 19.35 - Sydney 06.20 (lokal tid)...
Tidene her stemme ikkje heilt, for hugsar verkeleg lite av turen og fulgte ikkje mykje med på klokka. Gjekk stort sett i svime. Tilbake på samme fly, nye seter, og blei plassert saman med eit hyggeleg ektepar frå New Zealand (eller NZ som dei fleste seier her nede, dei forkortar ALT). Denne flygninga var berre på 7 timar og ett-eller-anna minutt. Det eg har funne ut er at flyselskapa proppar i oss med så mykje mat at ein blir dårleg. Rett etter eit måltid med anten kylling, biff eller fisk får ein dessert, og rett etter noko snacks oppfulgt av "duty free"-snacks, kanskje ein is og på igjen med nytt måltid. Ein sit ikkje svolten! Utan om det var det god service og hyggelege flyvertar- og vertinner.
Flygning nummer 4, 5. desember, Qantas Airlines: Sydney 08.00 - Brisbane 08.45 (lokal tid)...
Eg slapp å springe, men var jaggu avstandar og tull i Sydney òg. Gjennom passkontroll, sjekke inn bagasjen og meg sjølv på nytt, gjennom kontrollen og til rett gate som låg på ein annan flyplass. Dermed, ein busstur unda var flyet vårt saman med ein haug andre Qantasfly, inkl. mange Airbus`ar og sjølvaste Airbus A380, verdas største fly (som er nede for telling nett no). Ein kjenner seg temmeleg liten når ein står attmed det, ja. 2 etasjar med rein luksus. Kom meg på flyet, nok eit måltid servert (2. frukosten for dagen) og fekk plass ved vindauget. Då blei det knipsa i hytt og pine! OK frukost, men mjelka er ikkje som heime, og det er forsovidt ikkje smøret eller appelsinjusen heller. Og frå flyet ser verda lik ut, skyene er like, men ikkje språket. Eg vart så vand med den tyske aksenten i engelsken og når eg kom til Australia glømde eg til tider at me faktisk befann oss i eit engelsktalande land. "Oi, jøss, dei snakkar jo verkeleg bra her"... Og ja, denne flyturen var ikkje lang. Oversikta over tidene er ikkje der, men vil tru det tok mellom halvannan time og to.
Brisbane: ein utruleg fuktig plass og kun etter nokre få skritt på flyplassen der la eg merke til ein ting, håret fekk brått volum, og ikkje i positiv form. Ukontrollert. Eg henta bagasjen og venta på Sunni som skulle komme med tog. Etter nokre telefonsamtalar og vandring rundt på flyplassen fekk me store problem med å finne kvarandre. "Eg står på bakkenivå, rett attmed Avis, Budjet og Hertz.." -"Ja, jeg står i 3. etasje rett framfor Avis osv.." -"Det fins jo ikkje 3 etasjar her, det fins berre 2, eg spurde ein fyr". Til slutt skjønte me at me var på to forskjellige flyplassar og Sunni hadde gått tom for peng på kontantkortet og mobilen min var nesten utlada. Null stress. Ho var på internasjonale medan eg var på nasjonale, men etter kvart fann me kvarandre, sånn etter 2 timar. Me åt litt og tok deretter flytoget (frytoget til Gardemoen er ein rakett i forhold) til Gold Coast, eller nærare bestemt Robina. Der såg me på matvarer, eg lo av varene og me kjøpte. Colaflaskene ser ikkje ut her og får dei norske flaskene til å sjå eksklusive ut (noko dei er). Tungt blei det, men kom oss til bussen og til slutt heim til leilegheita hennar. Og ja, eg overdriv ikkje, det er faktisk ein luksusleilegheit, og eg har krav når det gjeld interiør og eksteriør og skal mangt til får eg kallar det luksus. Ein slik leilegheit med to bad, fliser, alt av kvitevarer og to walk-in-closetar, og ikkje minst den utsikta ville kosta opp i mot 7-8 millionar i Oslo. Eg kom dit i 5-tida sundag ettermiddag, ergo, i går. Eg føreslo ein glup ting, power nap i ein halvtime, så eg og S la oss i halv 7-tida, men vakna rundt halv 10. Trøtt man, døgnvill. Møtte Basha som er romvenninna til Sunni (polsk). Sovna under samtalane med Basha og Sunni.
Alt dette, dette detaljerte greiene, var kun for å halde meg vaken medan Sunni sat i gruppetime med nokre andre studentar. Uvesentleg informasjon, men det som er postkortvesentleg: Gold Coast, ligge mellom Brisbane og Sydney på austkysten, men nærmare Brisbane (1 time-ish). Her er det varmt året rundt, tilsynelatande. I følge Wikipedia blir det minimum 14 grader i snitt og maksimalt 26, sjølv om det blir varmare. No er det vel 24-25 grader her vil eg tru, men stor fuktigheit og kjennes varmare ut. Regnar no i desse dagar, men blir forhåpentleg finare vêr neste veke. Me har store planar om å gjere mykje. T.d. skal Sunni og Basha hoppe i fallskjerm på torsdag, noko som kosta 3500 kr (billigare enn heime), samt at dei får videoklipp og foto frå hoppet etterpå. Dei har invitert meg med (mamma, dette er igjen til deg)... Kun 3500 kr.
Eg oppdaterar meir seinare, men på langt nær så detaljert. Dette var kun fordi eg hadde to timar til å gjere ingenting, så no blei det til noko.